Sjekkliste for skiftordningar
Sjekk om verksemdas skift- eller turnusordning følgjer tilrådingane frå ekspertane.
- Skiftarbeidarane blir følgt opp tett, for eksempel gjennom god informasjon og hyppige helsekontrollar.
- Verksemda legg til rette for eit godt kosthald under nattskift.
- Skiftarbeidarane har høve til å ta seg "power naps".
- Vi har ikkje for mange nattskift etter kvarandre.
- Det er 24 timar fri etter eit nattskift.
- Skiftplanen roterer med klokka.
- Rotasjonen i skiftordninga er regelmessig.
- Fordelinga av fridagar er jamn.
- Tidspunktet for avløysing om morgonen er ikkje tidlegare enn kl. 07.00, men heller ikkje mykje seinare.
- Skiftlengda ligg ikkje over 8 timar.
- Vi unngår "springskift", f.eks. nattskift etter dagskift.