Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fire kvinner sitter sammen i en hammock. De smiler og ser rett i kameraet. Et grått hus med en rød inngangsdør er synlig i bakgrunnen.

Styrka samarbeidet og fekk ned sjukefråværet

Suldal bu- og aktivitet sleit med høgt fråvær og eit fragmentert arbeidsmiljø. Med hjelp frå ein engasjert leiar og partsgruppe, NAV Arbeidslivssenter og «Ein bra dag på jobb»-verktøyet snudde dei utviklinga.

TEKST: Martin Gustafson / FOTO og VIDEO: Morten Johnsen Solberg


Anne Kristin Egebjerg har vore leiar ved Suldal bu- og aktivitet på Sand i Rogaland sidan tidleg 2023. Ho så raskt at det var utfordringar med å jobbe på tvers av husa og at sjukefråværet var høgt i eininga. 

– Me som jobbar her, jobba spreidd på opp mot fem forskjellige hus. Og til dømes var det slik at nokre av dei som jobba på dei ulike bufellesskapa tykte det var vanskeleg å ta vaktar på andre hus, for der kjende dei ikkje rutinane. Og det til tross for at dei fleste samlast her på dagsenteret på dagtid, forklarar ho og fortsett:

– Me måtte bli ei eining. Det kunne ikkje berre vere «oss» og «dei», men eit «vi» – der alle kjenner at dei er velkomne på alle plassar, og føler seg trygge uansett kor dei skal jobbe den dagen, seier Anne Kristin.

 

Foto av ei kvinne i 60-åra. Ho har blå auge og kort hår, og har på seg ein svart kjole med eit kvitt mønster. Ho ser rett i kamera.
Anne Kristin Egebjerg er utdanna sjukepleiar med spesialisering innanfor geriatri, og har mellom anna vore avdelingsleiar ved Suldal sjukeheim.

 

Høgt sjukefråvær og vikartørke

Her følgjer avdelingsleiar Karoline Nordmark opp:

– Eininga hadde også tidlegare vore gjennom fleire omorganiseringar, som også skapte uro i personalgruppa og som me igjen merka på sjukefråværet. I tillegg sleit me med å få tak i vikarar, fordi vikarane ville jobbe der dei var kjente fra før, fortel ho. 

Sjukefråværet  var i første kvartal 2022 på rundt 13  prosent. Dette er tilsvarande at 5 av dei rundt 40 tilsette til kvar tid var fråverande eller sjukemelde. 

Det var på dette tidspunktet, i løpet av våren 2022, at NAV Arbeidslivssenter Rogaland vart kopla på gjennom Suldal kommune. Arbeidslivssentera og IA-rådgivarane som jobbar der skal mellom anna hjelpe arbeidsplassar med å ta tak i arbeidsmiljøutfordringar og få ned høgt sjukefråvær.

 

Faktaboks – Suldal bu- og aktivitet: 

Eininga har kring 40 tilsette, og famnar både ulike buformer for personar med funksjonsnedsettingar – eit bufellesskap på Suldalsosen og to på Sand – samt sjølve dagsenter. Det er også ein avlastningsbustad for born og unge under 18 år. 

Kvar bustad har personale som jobbar skift.  

Per no har Suldal bu- og aktivitet elleve tenestemottakarar som får døgnoppfølging, samt fire born og unge som er inne på avlastingstilbodet.

 

VIDEO: – Alle må være med og dra lasset

Her kan du sjå ein kort film om korleis Suldal bu- og aktivitet jobba med sjukefråvær og arbeidsmiljø:

«Ein bra dag på jobben»-verktøyet 

– Allereie i starten av samarbeidet så eg at Suldal bu- og aktivitet ikkje hadde nokon systematikk rundt det å jobbe i HMS-gruppe. 

Dette seier IA-rådgivar Tove Elise Johansen. Ho arbeider ved Arbeidslivssenteret si avdeling i Nord-Rogaland. 

Ei HMS-gruppe består som regel av leiar, tillitsvalde, verneombod og eventuelle avdelingsleiarar. Gruppa skal mellom anna samarbeide for å løyse utfordringar på arbeidsplassen, og betre arbeidskvardagen for dei tilsette. 

 

Foto av ei kvinne med mørkt hår. Ho står på ei grasplen, og har på seg ein blå- og svartmønstra topp.
Tove Elise Johansen er utdanna sjukepleiar, og har jobba mange år både som tillitsvald i helsevesenet og som leiar. Dette er erfaring som også kjem til nytte i stillinga som IA-rådgivar.
 

– Me gjekk inn i rollene i HMS-gruppa ved eininga og så på kva desse rollene betyr og korleis dei skulle få til god samhandling seg imellom, seier IA-rådgivaren og fortsett: 

– For det er ein grunnmur som må på plass før me kunne arbeide vidare ut til personalgruppa. 

Med hjelp frå Tove Elise fekk HMS-gruppa tatt i bruk verktøyet «Ein bra dag på jobb». Dette er eit verktøy som er laga av Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI), og som er tilpassa arbeidsmiljøutfordringar innanfor mange ulike bransjar og yrker. 

– Suldal bu- og aktivitet har hatt ein gevinst på å gjere strukturerte tiltak med «Ein bra dag på jobb». Dei har brukt handlingsplanen sin som eit levande verktøy.

Tove Elise Johansen, IA-rådgivar, NAV Arbeidslivssenter Rogaland

Fant fram til ei eiga løysing 

Bu- og aktivitet i Suldal fell også litt mellom to stolar kva bransje angår, sidan dei både er døgnbemanna bustad og omsorgsytarar. 

– Sidan det ikkje fanst noko som var spesifikt retta mot bu- og aktivitetssenter, så valde me i partsgruppa ut problemstillingar og så filmar frå «Ein bra dag på jobb» som likna på den jobben me gjer, seier avdelingsleiar Karoline. 

HMS-gruppa valde saman med IA-rådgivar Tove Elise å bruke noko frå «Ein bra dag på jobb»-verktøya for både sjukeheimar og for heimetenesta. Deretter valde dei ut tre arbeidsmiljøfaktorar som dei ville jobbe vidare med: 

  • Emosjonelle krav i jobben 
  • Å få tilbakemeldingar på eige arbeid, samt påverke eigne arbeidsoppgåver 
  • Bruk av kompetanse 

Foto frå eit aktivitetsrom. Her er det både eit piano og nokre små trommer i ulike størrelser. Eit stort vindu vendt ut mot hagen slepp inn mykje lys.
Når tenestemottakarane er på dagsenteret har dei òg jobbar som dei gjer; mellom anna går det med internposten for kommunen, og jobbar i internbedrifta «Stolt», kor dei produserer ulike ting som seljast på messer og marknadsdagar.

Auka engasjement og eigarskap

– Så, i løpet av våren og sumaren 2023 tok me desse måla og filmane ut til personalgruppa. Det vart veldig positivt teke imot, fortel Karoline og fortsett: 

– Dei tilsette følte seg inkludert, og gjennom prosessen kunne dei komme med forslag til kva i arbeidskvardagen dei ønskte å forbetre – og kva me som eining kunne gjere for å få det betre. 

Karoline fortel også at når dei sat i mindre grupper og jobba med verktøyet, måtte alle tilsette vere med og dele sine tankar. Også dei som kanskje ikkje hadde stukke seg mest fram før, var no med og turte å seie meiningane sine og engasjere seg. 

Avdelingsleiaren får støtte frå verneombodet Joyce: 

– Det at dei tilsette sjølv måtte komme med innspel og tilbakemeldingar på kva dei ville endre for å få det betre på arbeidsplassen – det trur eg personalgruppa sette verkeleg stor pris på, seier ho og fortsett: 

– Det var også tydeleg at me trengde å endre oss, både korleis me tenker og korleis me jobbar. 

 

Foto av ei kvinne med mellomblondt hår og briller. Ho er på jobb. Ho smiler til nokon som sitt ved siden av ho.
– Dette er ein veldig fin jobb å gjere, men den kan også krevje ganske mykje krefter frå personalet, seier verneombod Joyce Jongejeugd.
 

Joyce trekk fram at det no er ei betre fordeling av arbeidsoppgåver. Personalgruppa har fått betre rutinar for kvardagsoppgåver, og ved vaktskifta og overleveringar. 

– Det er lov å tenke annleis enn me har gjort før. Men den gamle garden, som eg er ein del av, treng også å sjå at endring kan vere greitt, seier ho og fortsett: 

– Eg trur ein av dei beste endringane er at folk ser kvarandre. Alle kan ha ein dårleg dag på jobb òg. Det kan ha med ein brukar som er sjuk, eller noko som skjer heime. Folka her vil hjelpe kvarandre mykje meir enn dei gjorde før.

Samarbeidet mellom dei som sitt i HMS-gruppa er også veldig godt no, og Joyce seier at terskelen er låg for å ta ein telefon til dei andre om nokon har noko dei treng hjelp til. 

– Me ser at det har vore ei betring her, og alle er tilfredse.

Joyce Jongejeugd, verneombod.

 

Faktaboks: Om «Ein bra dag på jobb» 

«Ein bra dag på jobb» er eit gratis verktøy utvikla av Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). 

Opplegget er tilpassa ei rekke ulike bransjar for å hjelpe verksemder med å skape eit betre arbeidsmiljø. 

Verktøyet består mellom anna av filmar og oppgåver, og skal gi alle tilsette ei økt forståing for kva arbeidsmiljø handlar om – og korleis de kan arbeide med det på dokkar arbeidsplass. 

Les meir om «Ein bra dag på jobb» og finn din bransje her

 

Foto av ei ung kvinne med blondt hår. Ho har på ein svart genser, og står ute i ein hage med ei grøn plen synleg bak seg. Ho smilar.
– Dei tilsette følte seg inkludert, og gjennom prosessen kunne dei komme med forslag til kva i arbeidskvardagen dei ønskte å forbetre, seier avdelingsleiar Karoline Nordmark om «Ein bra dag på jobb».

 

Kraftig reduksjon i fråværet 

IA-rådgivar Tove Elise trekk fram gevinstane av å gjere strukturerte tiltak med «Ein bra dag på jobb»: 

– Fleire av dei tilsette sa i etterkant at dette er det beste opplegget dei har vore med på. Dette er noko som har hjelpt heile personalgruppa, seier ho og fortsett: 

– Og handlingsplanen som dei tilsette laga i fellesskap har vore eit levande dokument gjennom det siste året; «Dette kjem ikkje til å bli eit skrivebordspapir. Me kjenner oss igjen i dette, og har vore med frå starten av på kva me skal prioritere». 

Avdelingsleiar Karoline følgjer opp: 

– Med å inkludere alle i arbeidet om korleis me skal bli betre, fekk me også sjukefråværet veldig ned – og det har heldt seg stabilt, seier avdelingsleiaren. 

Frå våren 2022 til våren 2024 har sjukefråværet ved Suldal bu- og aktivitet gått ned frå nesten 13 til litt over fire prosent. 

– No arbeider me også meir på tvers mellom alle bustadane og dagsenteret, og samarbeidet i tilsettgruppa har blitt mykje betre. Me kjenner me har blitt til ei lita eining no. Det er skikkeleg fint, avsluttar Karoline.

 

Er du kjent med Arbeidsmiljøportalen?

Illustrasjon av ein mann og ei kvinne som står ved ein overdimensjonert dataskjerm. På skjermen vises ordet "Arbeidsmiljøportalen".

Arbeidsmiljøportalen er ei nettside som tilbyr kunnskapsbaserte verktøy og fakta, tilpassa til ulike bransjar. 

Her får dykk innsikt i dei vanlegeste arbeidsmiljøutfordringane i dykkar bransje, og hjelp til korleis de kan jobbe førebyggjande med eige arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøportalen inneheld mellom anna to verktøy som dykkar arbeidsplass kan ta i bruk:

«Ein bra dag på jobb», som er utvikla av Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

«Arbeidsmiljøhjelpa», som er utvikla av Arbeidstilsynet.

Verktøya har ulik framgangsmåte. Gjer dykk kjent med dei to, og velg det som passar best for dykkar arbeidsplass.