Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Norske verksemder har eit stort behov for arbeidskraft. Samtidig står ei stor gruppe blant oss utanfor arbeidsmarknaden, sjølv om dei ønskjer seg inn. Inkluderingsdugnaden skal gi plass til fleire av dei som ikkje tar del i norsk arbeidsliv. Det er viktig både for dei som står utanfor, for verksemdene og for samfunnet.

Her er nokre tal:

  • Om lag 15 % av befolkninga 15-66 år definerer seg sjølve som funksjonshemma.
  • Færre er i arbeid i denne gruppa enn i befolkninga totalt: 42,7 prosent mot 74,2 prosent.
  • Blant dei funksjonshemma som ikkje er i jobb, seier ein av fire at dei ønskjer arbeid. I andre kvartal 2013 svarte dette til 86 000 personar.
  • Kjelde: SSB arbeidskraftundersøking

Vi har alle ulike føresetnader

Omgrepet nedsett funksjonsevne blir ofte nytta om dei som står utanfor arbeidslivet. Orda vi brukar er omstridt, og det er ikkje snakk om ei einsarta gruppe. Det kan være tale om personar med dårleg funksjonsevne og store helseproblem, men også menneske med god helse og berre små funksjonshemmingar. Det kan være både fysiske og psykiske årsakar til at folk står utanfor. For nokon er problemet varig, for andre berre midlertidig. Alle har ei funksjonsevne som varierer gjennom livet. Det viktige er at nedsett funksjonsevne ikkje er det same som nedsett arbeidsevne. Med tilrettelegging kan ein stor del av oss fungere godt i arbeid.

Mange gode grunnar til å prøve

Mange verksemder klarar å inkludere menneske med ulike føresetnader. Felles for desse er først og fremst viljen til å prøve. Nokre verksemder ønskjer å ta samfunnsansvar og være med på å løyse eit samfunnsproblem. Andre har innsett at kompetanse, motivasjon og arbeidsevne er viktigare enn funksjonsevne og helseproblem. Dei finn verdifulle medarbeidarar i ei gruppe som ofte blir oversett. Å inkludere menneske som står utanfor kan i seg sjølv vere motiverande for verksemda. Verksemder som arbeider med inkludering styrkar dessutan evna til å legge til rette og ta vare på alle sine tilsette.

Arbeidsutprøving er eit godt verktøy for meir inkludering

Kunnskap og erfaring gjer det enklare å være ein inkluderande arbeidsplass. Arbeidsutprøving er eit godt tiltak for å skaffe seg slik erfaring. I samarbeid med NAV eller ei arbeidsmarknadsbedrift kan verksemder tilsette kandidatar i ein prøveperiode. I denne perioden forpliktar ingen av partane seg. NAV betaler lønna og kan bidra med støtte til hjelpemiddel og annan tilrettelegging. Etter prøveperioden kan verksemda fritt velje å tilsette kandidaten eller å avslutte arbeidsforholdet. Uansett utfall får både kandidaten og verksemda nyttig erfaring.

Utprøving gir høve til å bli kjend og finne ut om arbeidstakar og arbeidsgivar passar til kvarandre. Nokre verksemder brukar arbeidsutprøving til å rekruttere nye medarbeidarar. Dei fortel at dette er ein trygg måte å tilsette på, for begge partar. Verksemdene legg vekt på at dei ofte får dyktige, motiverte og lojale medarbeidarar på denne måten.

Dei gir følgjande råd til andre verksemder:

  • Sørg for at NAV eller arbeidsmarknadsbedrifta kjenner verksemda godt. Dette aukar sjansen for at dei plukkar ut passande kandidatar.
  • Krev at NAV eller arbeidsmarknadsbedrifta gjer eit godt forarbeid og førebur kandidatane.
  • Som ved all rekruttering er det viktig med nok tid og ressursar til oppfølging og eventuell tilrettelegging.
  • Ta initiativ til openheit om funksjonsevne og sørg for å avklare behov så tidleg som mogleg.
  • Inkluder den tilsette i arbeidsmiljøet frå første dag.
  • Gi ansvar og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Sørg for å få tilbakemeldingar på korleis det går med den tilsette og tilpass eventuelt arbeidssituasjonen.
  • Involver gjerne dei andre tilsette, for eksempel gjennom ei fadderordning. Tillitsvalte kan også være ei god støtte.

Inkluderande personalpolitikk

Sjansen for å lukkast er større om verksemda gjer inkludering til ein ambisjon i arbeidsgivar- og rekrutteringspolitikken. Ei inkluderande utforming av stillingsannonsar og jobbintervju er også viktige grep. Universell utforming av arbeidsplassen gjer tilrettelegging mykje enklare.

Mange gode støtteordningar for inkludering

NAV har ei lang rekke verkemiddel og støtteordningar som skal bidra til å inkludere menneske med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet. Ta kontakt med eit NAV-kontor eller NAV Arbeidslivssenter for meir informasjon.

Kjelder

Les mer

idebanken

Grenseløs inkludering

Der andre gir opp ser IRS Miljø muligheter. Siden 90-tallet har de gitt jobb til de som har falt utenfor arbeidslivet.

idebanken

Døråpneren

Førre Trevare åpner dørene for de som har falt utenfor arbeidslivet. Men nordmenns kjøpevaner kan føre til at de må lukkes.

idebanken

Mentorer får de unge i jobb

Erfarne kolleger er gull verdt for de som skal prøve seg i jobb. Det har de skjønt i Ullensaker kommune.

idebanken

Perfekt organisert for å inkludere

Avdeling kjøkken, vaskeri og renhold i Arendal kommune er raus med å tilby utprøving og opplæring for folk på arbeidspraksis. Avdelingen består av mange mindre arbeidsgrupper. Det er ideelt for folk som trenger en trygg start for å komme i gang.

idebanken

Bruker NAV som rekrutteringskanal

Vardia Forsikring hadde lenge ønsket et mer fruktbart rekrutteringssamarbeid med NAV. Med arrangementet Ta sjansen åpnet muligheten seg. Nå jobber de tett med NAV om flere rekrutteringsarenaer.

idebanken

Superagenter for inkludering

I Verdal kommune jobber to dedikerte damer med å hjelpe folk ut av NAV-køen og over i arbeid i kommunens helsesektor. Innsatsen deres gir gode resultater.

idebanken

Inkludering er god butikk

Clas Ohlson er kjent for å ha alt mulig av ting og tang. Men butikkjeden har også et stort mangfold blant sine ansatte. Inkludering er blitt en merkevare som du finner blant hyllene på mange av Clas Ohlsons butikker rundt om i landet.

idebanken

Sykehus lykkes med mentorordning

Sunnaas sykehus i Akershus jobber ikke bare for å bedre pasienters liv. De har også startet et mentorprogram for å bedre livene til de som står utenfor arbeidslivet. Pilotprosjektet har vært en stor suksess. Nå ønsker sykehuset å utvide tilbudet og gjøre det mulig for flere å komme seg ut i jobb.

idebanken

Frisør får ungdom ut i jobb

Bibbis frisør i Vestfold vil ha flere unge som har stått utenfor arbeidslivet inn i varmen. Bibbi Engø har som mål å alltid ha to ansatte med redusert funksjonsevne i sin bedrift. Med tett oppfølging og stort engasjement loses stadig nye lærlinger frem til svenneprøve og fast jobb.

idebanken

Inkluderende kultur i Eidkjosen

Ved NOFI i Eidkjosen i Troms sitter den inkluderende kulturen i veggene. I 35 år har bedriften rekruttert medarbeidere fra både fengsler, arbeidsmarkedsbedrifter og NAV. De har ingen planer om å endre praksisen.