Hopp til innhold
Søkeord
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frå fråvær til trivsel

Dei siste to åra har Straumsnes barnehage gått gjennom både påkjenningar og utvikling. Det har omskapt dei frå eit negativt til eit positivt eksempel innan kommunen.

Publisert 20. april 2023

TEKST: Martin Gustafson / FOTO og VIDEO: Morten Johnsen Solberg

Men la oss begynne på byrjinga.

Straumsnes ligg på ei halvøy i Tingvoll kommune på Nordmøre, ein times tid nord for Molde og øst for Kristiansund i Møre og Romsdal fylke.  Og akkurat denne dagen tidleg i mars då Idébanken er på vitjing, er det verkeleg som å komme inn i eitt måleri av Hans Gude; for kløyvd inn mellom fjord og snødekte fjell bada i sollys, med ein enorm blå himmel over oss, finn me Straumsnes barnehage.

Fotografen tek eit drag av den vårklare lufta og strekk seg etter bilturen nordover:

– Her kunne eg ha budd. Lett!

Vi blir tatt vel imot av Wenche Sæther, styraren ved barnehagen.  Latteren sitt laust og med rette her, for ho og kollegaene har mykje å vere nøgd med. Saman med ho møter vi nestleiar og pedagogisk leiar Linda Volden Aasen. Linda jobbar også som hovudverneombod i Tingvoll kommune.

Wenche_Sæther-01.jpg
Wenche Sæther var ferdig utdanna førskolelærar i 2000, og i 2002 flytta ho til Tingvoll kommune der ho etter kvart begynte å jobbe som pedagogisk leiar.

– Det er lett å snakke om dette, men det er vanskeleg å forklare – fordi det er også ting som har skjedd som me ikkje er heilt klar over sjølve, og derfor ikkje alt som er like lett å sette ord på, fortel Wenche.

Dei siste tolv åra har ho vore styrer i Straumsnes barnehage.

– Dette er min andre heim, pleier eg å seie.

Den nasjonalromantiske innpakkinga til tross, så har ikkje alt vore like fryd og gammen her. Det var i byrjinga av 2021 at Straumsnes barnehage opplevde eit svært høgt sjukefråvær på 33 prosent.

– Mange barnehagar har eit høgt sjukefråvær fordi arbeidet er tøft både fysisk og psykisk – og dei tilsette klarer ikkje å stå i det, seier Anne Ruste, som er tillitsvald for Utdanningsforbundet  og pedagogisk leiar. 

Hovudverneombod Linda fortel også at barnehagen blei ein «snakkis» i kommunens arbeidsmiljøutval (AMU) då sjukefråværet var på det høgaste:

– Kva er det som skjer i Straumsnes barnehage, sidan det i praksis alltid er ein tredjedel av dei 16 tilsette som er fråverande?

Det måtte ei endring til.

 

Ærekjensle over eiget arbeid

– Leiaren i barnehagen kjente på at arbeidsmiljøet i barnehagen var dårleg, og at dette hadde gått så langt at ho trengde hjelp utanfrå. Det var derfor vi kom inn, fortel IA-rådgivar Dagmar Landstad frå NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal.

IA-rådgivarar i NAV jobbar spesifikt med verksemder for å støtte dei med å få ned sjukefråvær, og betre arbeidsmiljøet og partssamarbeidet på arbeidsplassen.

IA-rådgivere-01.jpg
Kristin Ukkelberg Fjørstad (t.v.) og Dagmar Landstad er begge IA-rådgivarar ved NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal.

Wenche følger opp:

– Om for eksempel ein leiar blir sjuk og er borte frå arbeidsplassen så påverkar dette også arbeidsmiljøet, og fråværet hos dei tilsette kan auke. Derfor er nærleiing så viktig for å sikre best mogleg drift på ein arbeidsplass. Det må vere på plass ei avklart fordeling av ansvar og funksjon før ein står i desse utfordringane, slik at arbeidsdagen flyt godt.

For IA-rådgivarane Dagmar og hennar kollega Kristin Ukkelberg Fjørstad var det viktig å få til ei endring i forståinga av kva arbeidsmiljø handlar om, og korleis dei kunne jobbe med arbeidsmiljøet på en meir målretta og systematisk måte.

Straumsnes barnehage hadde allereie ei fastsett HMS-gruppe med verneombod, tillitsvald og fagutviklarar då IA-rådgivarane kom inn i mars 2021. IA-rådgivarane har i samarbeidsperioden vore med på månadlege HMS-møter i denne gruppa, og hatt 4 samlingar med heile personalgruppa for å gi kompetansepåfyll og forankre eigarskap og medverking til dei ulike tema.

– I den innleiande fasen snakka vi om samfunnsoppdraget, og kvifor dei tilsette måtte kjenne på stoltheita over å få jobbe i ein barnehage. At dei som jobbar her gjer at nokon andre kan vere på jobb ein annan stad. At dei bidrar til at velferdsstaten gjeng rundt, seier Dagmar.

Dei kosta og støv av kvardagsreglane som barnehagen allereie hadde etablert, kartla utfordringar og spurte om korleis dei tilsette sjølv tenkte å jobbe med desse.

– Det kan vere små ting som velter eit godt arbeidsmiljø, og derfor må vi tole diskusjonane.

Linda-Kristin Tømte Reitan, tillitsvald.

 

Sjå ein kort video korleis dei tilsette i Straumsnes barnehage reflekterer rundt arbeidsmiljøet.

Felles forståing av reglane

Saman vart HMS-gruppa og IA-rådgivarane einige om at det var viktig å skape ei felles forståing av regelverket rundt det å vere sjukmeldt. Kva skjer når du blir sjuk, kva er forventa av deg og kva er forventa av leiaren din?

Det er denne HMS-gruppa vi møter først i dag. Rommet summar, og praten går att og fram; dei har delt denne reisa og gjort arbeidet som var vore kravd, og dei er spente på å få fortelje om det.

– Når fråværet er høgt, er det gjerne møta med andre me kuttar i først. Så vi heldt HMS-møta heilage og fortsette å gjennomføre dei. På den måten fekk vi lagt planar om kva vi skulle jobbe med fram mot neste møte. Det gav oss føreseielegheit og oversikt, begynner Wenche.

HMS-gruppa fekk derfor moglegheit til å diskutere kva som var utfordringane i arbeidskvardagen, og korleis IA-rådgivarane kunne hjelpe med desse.

– I juni same år snakka vi til heile personalgruppa om tilretteleggingsplikta for arbeidsgjevar, medverkingsplikta for arbeidstakar og om førebyggjande arbeidsmiljøarbeid; kva slags faktorar var det som bidrog til fråvær her i barnehagen? fortel IA-rådgivar Dagmar og fortsett:

– Gjennom den prosessen var det mykje som kom opp. Det var nok også mange småting som påverka og bidrog til fråvær. Men når me tok tak i dette samla, så hadde det ein effekt.

Straumsnes barnehage ligg idyllisk til i Tingvoll kommune i Møre og Romsdal.

Gode verktøy og endring av rutinar

Barnehagestyrar Wenche fortel at dei mellom anna tok i bruk verktøyet «Ein bra dag på jobb» som er mynta på barnehagar:

– Gjennom det fekk vi identifisert kva slags utfordringar vi har hos oss, foreslått ulike forbetringstiltak og laga handlingsplanar for å følgje opp dei tiltaka vi ville gjennomføre. Vi ser kor mykje meir vi får gjort når ting berre er sett i eit system.

Alle tilsette har og vore involvert i prosessane gjennom Individ – Gruppe – Plenum-metodikken (IGP).

IGP-metoden er ein strukturert metode som kan brukast i medverkingsbasert utvikling av arbeidsplassen. Gjennom IGP-metoden sikrar ein betre at alle tilsette sine innspel blir høyrt, til dømes med å komme fram til kva som er viktigast å ta tak i og kva som skal prioriterast først.

– Sjølv om det er HMS-gruppa som blir beslutningsorganet til sist, så har dei tilsette vore med og sagt kva som er viktig for dei at vi jobbar vidare med.

Dei tilsette har også morgonmøtet kvar morgon, slik at ein får kartlagt om det er nokon avdelingar som treng hjelp.

– Gjennom arbeidet har vi blitt betre kjent på tvers av gruppene, som gjer at vi også kan planlegge på tvers, seier Anne, før Wenche følgjer opp:

– Det er ikkje oss på ei avdeling og dykk på ei anna – det er eitt vi for heile barnehagen.

Anne_Ruste.jpg
Anne Ruste er pedagogisk leiar og tillitsvald for Utdanningsforbundet i Straumsnes barnehage.

– Vi kan tilrettelegge arbeidsoppgåver for kollegaer før dei i det heile tatt ryk ut i ei sjukemelding.

Anne Ruste, tillitsvald.

 

Ein sunn og fornuftig dult

Å endre korleis ein tenker rundt arbeid og rutinar, har hatt ein innverknad på dei tilsette i Straumsnes barnehage.

– Vi jaga på det då vi hadde høgt fråvær; vi klarte ikkje slå oss til ro med at vi – på grunn av bemanninga – kanskje ikkje rakk over alle arbeidsoppgåvene i løpet av ein dag, seier Linda, og får støtte frå kollega Linda-Kristin Tømte Reitan.

Linda-Kristin er tillitsvald for Fagforbundet, utviklingslærer samt pedagogisk leiar for ei av avdelingane ved barnehagen.

– Synet vårt på tid og arbeid har nok endra seg litt frå slik det var før. Det vi ikkje rekk i dag, plukkar vi opp att i morgon, seier ho.

Wenche meiner det var viktig at IA-rådgivarane frå NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal kom inn med nye perspektiv og kunne ta tak i det som var vanskeleg å snakke om – og at dei kunne lære opp heile personalgruppa.

– Å få hjelp utanfrå, at nokon stiller desse spørsmåla og er med på å sette ting i system var nøkkelen for oss, seier ho.

– Vi skal bidra til å reflektere rundt dei ulike problemstillingane, belyse blindsonene om du vil. Og det gjer vi ikkje berre saman med HMS-gruppa, men med alle tilsette i barnehagen. Undervegs har vi stilt mange spørsmål; kva er utfordringane? Og korleis skal vi jobbe med dei, fortel IA-rådgivar Kristin.

– Svara ligg på arbeidsplassen, og dei som jobbar der. Vi har bidratt med kompetansepåfyll, belyst problem og lagt til rette – men det er dei tilsette og leiinga som har gjort jobben, følger Dagmar opp.

Hovudverneombod og nestleiar Linda beskriv dette som ein sunn og fornuftig dult i riktig retning:

– Det er viktig å sjå ting utanfrå fordi vi fort blir litt blinde på eigen situasjon. Vi seier jo noko liknande om barna her; barn treng utfordringar for å få meistringsfølelse – men det trenger jammen vi vaksne og!

Linda_Kristin-01.jpg
Linda-Kristin Tømte Reitan er tillitsvald for Fagforbundet, og pedagogisk leiar i barnehagen.

 

Tilretteleggingsplikt og medverkingsplikt

– Vi må tore å snakke om sjukefråværet. Det kan vere små ting som velter eit godt arbeidsmiljø, og derfor må vi tole diskusjonane. Ingen vil kvarandre vondt her, men om det er noko som skurrar i eit arbeidsmiljø så må vi vite om det før me kan gjere noko med det, fortel tillitsvald Linda-Kristin.

Gjennom opplæringa frå NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal og det arbeidet barnehagen sjølv gjorde, vaks det fram ein større bevisstheit både rundt moglegheitene for å tilrettelegge arbeidsoppgåver – og plikta som arbeidstakarane har for å prøve den tilrettelegginga ut.

– Vi må vere bevisste på kva slags arbeidsoppgåver ein kan gjerne med ulike utfordringar. Og ein tilsett som treng det må også seie ifrå om kva tilrettelegging dei har behov for, fortel barnehageleiar Wenche.

– Vi kan tilrettelegge arbeidsoppgåver for kollegaer før dei i det heile tatt ryk ut i ei sjukemelding, og på den måten kan vi kanskje førebygge det fråværet, seier Anne, som er tillitsvald.

Wenche påpeikar også kor viktig det er at tilrettelegging ikkje skal bli ei varig endring av arbeidsoppgåvene ein har, men i staden ei endring ein skal prøve ut over ein kortare periode – og at ein snakkar om det, slik at tilrettelegginga ikkje går utover kollegaene.

For å jobbe med sjukefråværet kartla barnehagen utfordringar og spurte dei tilsette sjølv korleis dei tenkte å jobbe med desse.

Den sensasjonelle nullprosenten

I løpet av 2021 blei – og er enno – nærvær eit tema på alle personalmøte.

– Det å komme på jobb har ei betydning for mine kollegaer. Om eg er borte, så betyr det at nokon andre på jobb kjem til å måtte springe litt raskare, fortel Linda.

– Kanskje har ein vondt ein stad, men likevel kan komme på jobb om ein får litt tilrettelegging, seier Sandra Helen Knudtsen. Ho er verneombod ved Straumsnes, sitt i HMS-gruppa og er også pedagogisk leiar for ei avdeling.

Kollegaen Anne følg opp:

– Det er ikkje bra å vere på jobb og stresse om ein er sjuk. Det er vi tydelege på. Men det har nok «smitta» heile bygget her at ein tenker seg ein ekstra gong om, om det er noko ein likevel kan komme inn og gjere på jobb.

Nestleiar Linda fortel samstundes at nokre gongar må leiing og kollegaer vere strenge og krevje at folk held seg heime.

– Og er du sjuk, så skal du ikkje sitte heime og delta på møte via Teams. Det er lov å vere sjuk, og det er ikkje ei forventning vi skal ha at du likevel kan delta, skyt Wenche inn.

Over tid, og ved å ta i bruk både dei verktøya og den hjelpa dei hadde fått, gjekk sjukefråværet i barnehagen ned. Og i august 2022 hadde dei utrolege null prosent sjukefråvær.

Linda_Aasen-02.jpg
– Det å ha det bra på jobb er alfa og omega for å ha eit bra liv, meiner nestleiar og kommunalt hovudverneombud Linda Aasen.

– Vi ser både kva det gjer med kollegaene og med barna når vi er til stades, seier barnehagestyrar Wenche, før ho fortsett:

– Så gjekk det litt sport i dette tilbake i fjor, da vi klarte å nå null fråvær. Kunne vi klare null den neste månaden også? Og det gjorde vi!

Linda-Kristin bryt inn med ein latter:

– For oss blei det litt sånn: «Herregud, eg vil ikkje vere den som bryt den statistikken!»

At det ville komme periodar der dei ville ha meir fråvær igjen var det nok ikkje nokon tvil om. Både influensasesongen og vinteren venta om berre nokre månadar.

– Men no var vi betre rusta for å tole det, fordi vi som var på jobb ikkje er på felgen heile tida lenger, seier Linda.

– Det er ikkje oss på ei avdeling og dykk på ei anna. Det er eitt vi for heile barnehagen.

Wenche Sæther, barnehagestyrar

Frå fråvær til nærvær

Eit par moment som går igjen når HMS-gruppa fortel om det dei har gjort, er kor viktig det er å ha føreseielegheit og god organisering av arbeidet og arbeidskvardagen.

– Vi pleidde å ha ei oversikt over alle dei som var borte. Ein dag sa eg at dette var noko vi skulle slutte med. I staden skulle vi ha ei oversikt over dei som var på jobb – og så skulle eg som leiar ha oversikt over og følgje opp dei som var borte, fortel Wenche, og fortsett:

– Ein annan ting som vi ikkje var gode på, men som vi har fått hjelp til, er å ramme inn møte og dokumentere kva vi gjer. Vi skriv referat som er opne for alle tilsette, slik at dei kan følgje med på kva vi held på med. Det gjer det lettare for dei som har vore borte ei stund å komme inn igjen i arbeidskvardagen.

Sandra_Knudtsen-02.jpg
– No gruer ein seg ikkje til å gå på jobb, eller lurer på korleis ein skal komme seg gjennom dagen, seier verneombod Sandra Knudtsen.

Ho presiserer at det ikkje nødvendigvis berre gjeld dei som har sjukefråvær, men at ein slik oversikt og gjennomsiktigheit er nyttig både for dei som er nytilsette, og dei som kjem tilbake frå ein permisjon.

– Eg gjekk ut i permisjon då sjukefråværet var på det høgaste, og då eg kom tilbake etter eit år var det gått ned. Det var ei ganske stor forandring; å komme på jobb, og vite både kven du skal jobbe med og korleis me skal gjennomføre det pedagogiske arbeidet som allereie var planlagt. Det gjorde ein stor forskjell, fortel Anne.

– Når du kjem på jobb, og du veit kven du skal jobbe saman med og kva du skal gjere. Da er det godt å komme på jobb, seier Linda Kristin.


Ein inspirasjon for andre

Til oppsummering har Straumsnes barnehage på under halvtanna år fått til ein mektig snuoperasjon. Dei senka sjukefråværet frå 33 til null prosent, bygd eit sunnare arbeidsmiljø med både tilsette og leiing som er mykje meir nøgd og klare til å hjelpe kvarandre.

I tillegg har partssamarbeidet blitt betre, og alle som jobbar i barnehagen er tryggare både på kva som er forventa av dei, og kva dei sjølv kan forvente om dei blir sjuke. Det har også blitt meir tid og overskot til å ta fatt på andre ting.

– Dette er kanskje banalt, men den 2. mars i år var ein historisk dag her i barnehagen. For det var den dagen eg hadde klart å gjennomføre alle dei medarbeidarsamtalane eg hadde planlagt, seier barnehageleiar Wenche, og fortsett:

– Det kjennest godt at alle har fått den samtalen. Slik det var tidlegare var det nokre tilsette som ikkje hadde hatt ein slik samtale på fleire år.

Linda-Kristin_og_Dagmar.jpg
Tillitsvald Linda-Kristin Tømte Reitan (t.v)  saman med IA-rådgivar Dagmar Landstad.

Alt i alt har det dei har fått til i Straumsnes barnehage ikkje gått upåakta hen. Fleire innanfor kommunen blei nysgjerrige på korleis dei hadde fått til ei slik endring, og både ein sjukeheim og ein annan barnehage ynskjer no å ta tak i sjukefråværsarbeidet på same måte.

Vi lèt IA-rådgivar Dagmar Landstad få det siste ordet:

– No er det ein fryd å komme inn her, og leiaren og dei tilsette blomstrar som berre det. Det er verkeleg kjempestas.

 

Her kan du sjå filmen om korleis dei tilsette i Straumsnes barnehage tok tak i arbeidsmiljøet og sjukefråværet:

Om Straumsnes barnehage

  • Straumsnes barnehage består av to avdelingar; småbarn og store barn.
  • Småbarnsavdelinga består av to grupper: Hugin med 12 barn, og Munin med 5 barn.
  • Avdelinga for store barn består av Sleipner med 7 barn, Bifrost med 10 barn og Yggdrasil med 6 barn.
  • Totalt jobbar det 16 personar på barnehagen, fordelt på 14,6 årsverk.

I starten av 2021 hadde barnehagen eit sjukefråvær på 33 prosent.

I august 2022 hadde dei jobba fråværet ned til sensasjonelle 0 prosent. Dette talet heldt seg stabilt ut fjerde kvartal 2022.

For å få til dette tok dei mellom anna i bruk: